Location

Ingeborg Refling Hagens kulturhus Fredheim
Vikslia 2, Tangen
Website
https://kulturhusfredheim.no/

Next Event

Date

13 Jan 24
Expired!

Time

18:00 - 19:00

Labels

Kultur

Draumkvedet med Kim Rysstad

Fyrste gongen Kim Rysstad framførte Draumkvedet var trettande dag jol i 2010, den gongen i ei isande kald Fantoft stavkyrkje. Sidan har Kim kvart år besøkt ulike stadar med Noregs nasjonalepos og visjonsdikt Draumkvedet. Emanuel Vigelands mausoleum i Oslo har vore fast konsertstad for Kim sidan 2015 med to konsertar 6 januar. Konserten på Fredheim vert tjugande dag jol, 13. januar, dagen då mange feiar joli ut av hus. Melodiane til Draumkvedet har Kim lært av m.a. Agnes Buen Garnås og Ellen Nordstoga, medan teksten er Molkte Moe sin restitusjon frå 1890 åra.

“Draumkvedet kan knapt gjøres mer tiltrekkende enn dette” skreiv Aftenposten om plata Draumkvedet (2021) med Kim Rysstad og Kringkastingsorkesteret. Vi gler oss til Kim kjem til Fredheim med si personlege tolking av Draumkvedet på tjugandedagen!

X

The event is finished.